februar 2010

Carnivale





Eg og Thomas er blitt såkalla seriefreaks. Eller me har i alle fall alltid ein eller annan serie vi ser minst ein episode av til dagen. Den vi fullførte sist, Carnivale, er og eit must for dei som likar estetisk, spørsmålsfyllt og skummel spenning. Eg kan seie med ein gong at ein ikkje bør starte på sesong 1 utan å vere forberedt på at ein bør legge ut på den andre sesongen. Det er ein veldig vakker serie med mange uventa vendingar i handlinga. Slikt liker vi! Det einaste som er negativt med denne herlige serien er at produsentane ikkje hadde råd å lage meir enn 2 sesongar, dog manuskriptet var meint for å fortsetje minst endå ein sesong. Litt irriterande, men på tross av det tykjer eg Carnivale er verdt å sjå!

Share/Bookmark    bloglovin

Hekling



Here goes, laurdagskvelden vart dedikert til curlingkamp. Vi er i gang! Gullet er så nært så nært!
Er i slike tilfelle eg skulle ynskje eg kunne strikke eller hekle, for å få gjort noko fornuftig samtidig med denne tv-kikkinga. Kanskje det blir neste prosjekt? Hmm..

Stavangernorske bloggkart!

meir Iris Van Herpen





Eg tenkjer framleis på Iris Van Herpen. Eg er frameis heftig imponert. Såg verka hennar for første gong i går, så det blei litt kjærleik ved første blikk. Det slår som regel aldri feil når eg ser bruk av plisséar. Dei som kjenner designer Siri veit det.  Show me the plissés, SHOW THEM NOW!!
Jada, eg veit. Weirdo! Men, kven blir ikkje fascinert av å sjå på den svarte plissékjolen? Den er eit mesterverk!

Iris Van Herpen




Bildeta seier sitt. Dette er vandrande kunstverk. Eg blir heilt hypnotisert av å sjå på dette. Fantastisk, rett og slett fantastisk!
Iris Van Herpen A/W 10-11.

Jay Munly

Eg har ingenting å tilføye i dag. Men tykjer de bør høyre denne låta:

Anti Sweden og Elin Almlid



NORSK:
Ein av mine inspirerande vener, Elin Almlid, har gjort det igjen. Laga ein heilt rå kolleksjon, denne gong for Anti Sweden. Endeleg er bileta frå visninga ute HER. *Klapp på skuldera* til Elin og til Anti Sweden som klarte å kapre ein av Noregs beste designerar.

///

ENGLISH:
One of my inspiring friends, Elin Almlid, has done it again. Made a completely awesome collection, this time for Anti Sweden. Finally the photos from the show are available, you can take a look at them HERE. Go Elin! And Anti Sweden who managed to get one of Norway's best designers.

bloglovin Share/Bookmark

Dagens fargekombinasjon: Rødt, kvitt og blått






Omsider fekk herr Nordtug tatt ein etterlengta revansj og suste først over målstreken. Det er herleg å vere norsk i Canada i kveld, og rødt, kvitt og blått er dagens favorittkombinasjon!

Petrou




Måtte inn og korrigere dette innlegget litt, då eg med ei feiltaking skreiv at finaledraumen til det norske curlinglaget var dette i do etter tapet mot Sverige i går. Men neida, dei ligg jaggu framleis på ein god 2. plass, og finalen er tvert imot midt i skuddsiktet til Ole Einar på ein god dag. Herleg!
Nå er spørsmålet om kor lang tid det tar før klovnebukser blir ein trend i moteverda. Petrou har for lengst spådd framtida og laga ein variant i svart og kvitt:

Moose me up!








Eg har aldri vært sportsinteressert, heller ikkje under OL. Aldri skjønt kva som er så gøy med å sjå på nokon som stakar seg fram i snøen, og kanskje av og til drar fram eit gevær og skyt på ein blink. Heilt til no... Basillen har bitt meg, og noko så heftig også! Langrenn, Skiskyting og Curling har blitt favorittane. Og eg har faktisk fått med meg kvar einaste renn og nesten kvar curlingkamp med herrane i klovnebukser.
Eg skjønar verkeleg kvifor det finnes så mange vintersportsentusiastar. Eg skjønar det så godt at eg skulle ynskje eg kunne få stå i Vancouver saman i med dei herlege, raude Noregssupportarane med gevir på hovudet og ei kubjelle i handa. Det hadde vore noko det!

Gassmaske av Diddo



Kven er denne Diddo? http://bydiddo.com/
Som har laga grisekule Gucci og Louis Vuitton gassmasker..? Våtdraktane hans er og ganske så imponerande og innovative. Flink fyr, ja!

Gareth Pugh mesterverk





Eg sluttar ikkje å boble av forelskelse i dei fantastiske hattane fra Gareth Pugh's SS10 visning. Perfeksjon!

Fashionology




Nydelege smykker frå fashionology.nl
ME WANT!!!

By:Larm 2010



Arg, skulle så gjerne vore i Oslo denne veka og fått med meg By:Larm (og litt fashion week). Det blir alltid bra, uansett, då ein berre kan vandre fritt frå stad til stad og sjekke ut nye norske(++) band. Ein herleg festival som DU, dersom du er i Oslo burde skaffe deg eit pass til.
Desse er eit must å få med seg:
Kathinka
The Megaphonic Thrift
Serena Maneesh
Hypertext
Susanne Sundfør
Wardruna
Death By Unga Bunga
Casiokids
Jaga Jazzist

Daren Newman





Kunst av ein av mine favorittillustratørar, Daren Newman

Fashionary



NORSK:
Forrige veke fekk eg boka eg ikkje visste eg var så avhengig av, nemleg Fashionary. Den er heilt fantastisk! Etter tips frå ein av mine talentfulle vener, Maleen Dalan, gjekk eg også til slutt til innkjøp av denne geniale boka.

Inni her har ein lett tilgjengeleg knappemålesystem, linjal, oversikt over dagens eksisterande klesmerke, sizecharts, størrelsekonvertering, produktoversikt, mønsterbitar, fontar, presentasjonseksempel ++ og sist men ikkje minst eit utalleg antall ferdig opprikka kroppar som gjer at det er superenkelt å gjere ei kjapp skisse.
Det er rett og slett eit MUST for ein kvar klesdesignar eller for dei som ynskjer å verte det.

Kjøp og se meir av boka her:
www.fashionary.org

///

ENGLISH:
Last week I got the book I didnt kno I was that addicted on - The Fashionary. Its amazing! After I got the tip from one of my talented friends, Maleen Dalan, I bought this genious book.

Here you got accessable button measurements, ruler, fashion brands, sizecharts, measurement cenversion, product charts, patterns, fonts +++ and last but not least, alot of pages with dotted bodys ready to be sketched on! Makes it super easy to sketch whenever! This book is a MUST for fashion designers!

Buy the book here:
www.fashionary.org

Share/Bookmark bloglovin

Here we go again...

Høyrer på: "The Blowers Daughter" - Damien Rice

Okei, eg prøvar igjen. Frå å vingle over i ei engelsk verd i forsøk på å lage ein litt "kulare" blogg, er eg tilbake til mitt tredjespråk, nynorsk. Trygt og greit, og kjens rett.


Litt om meg og min religion:

Per i dag er eg ein 7 mnd og 28 dagar gammal klesdesigner. Ganske fersk med andre ord. Men har på tross av det opplevd ein heil del etter lykkens dag - 19. juni, 2009 (Då eg vart ferdigutdanna klesdesignar frå ESMOD Oslo)

Å skape klede har vore ein naturleg del av livet mitt så lenge eg kan hugse, derfor var det ein sjølvfølge at eg skulle studera klesdesign så fort eg var gammal nok til det. Det er ikkje eit særleg vanleg yrke har eg forstått, så eg får ganske mange spørsmål rundt nettopp det å vere klesdesignar. Korleis, kvar, kven, kva, kvi,kve,kvo.. ?

På ESMOD fekk me veldig god innsikt i den harde kvardag til ein klesdesignar gjennom oppgåvene me hadde der. Hausten 2006 starta me i ein klasse på omtrent 60 stykker og i juni 2009 var vi 24 igjen som tok siste eksamen. Ein bør vere klar for å jobbe hardt for å utvikle seg sjølv som designar. Interessen for klede må strekke seg mange mil forbi det å vere glad i å shoppe på salg og se finfin ut på lørdagskvelden. Ein må vere klar for å skifte syn på klede i den forstand at ein ikkje lenger ser ein kjole i butikkvindauget, men 8 mønsterbitar i silkechiffon, usynleg glidelås i sidesaumen og rullesaum i nerekant.

Eg byrja å arbeide med klesdesign og modelisme på fulltid i byrjinga på januar i år. Eg lev av å levere tekniske teikningar og skjema til produksjon for butikken House of Singles og å sy bunader for Noregs beste systue, Sidserk systue.
Men det aller kjekkaste eg gjer er det som skjer utanom pengeinntjeninga - ein flunkande ny kolleksjon er under utvikling under merket.... Det kan eg ikkje sei heilt enno(*knis*) Men det kjem!


De er forresten velkomen til å sjekke ut avgangskolleksjonen min imens: www.siri-sh.com

Siri - BLACK RAT

Siri - BLACK RAT

25, Sveio

Siri is the designer of the clothing brand Black Rat.








This blog is her online inspiration book where she shares her inspiration sources in
FASHION, PHOTOGRAPHY, ART and MUSIC.
As well as posting news about her own design,
BLACK RAT. Feel free to check it out and don't hesitate to leave a comment about what you think!

twitter bloglovin

Arkiv

hits