september 2011

Under your SKIN



NORSK:
Enkelte ting er ret og slett FOR fascinaerande. Fann dette bildet på Haute Macabre. Aner ikkje kunstnar eller fotograf diverre.

///

ENGLISH:
Some stuff are just TOO fascinating. Found this one on Haute Macabre. Sadly, I dont know the source of artist or photographer.

Share/Bookmark

bloglovin

The APRIL 77 way



NORSK:
Eg er stadig på jakt etter inspirerande reklamekampanjer og nokon som verkeleg inspirerer er det franske jeansmerket April 77. Digger konseptet og stilen deira. Det er bare musikksmaken vår som ikkje matcher heilt.
(Og kvifor runer? Ikkje akkurat det eg reffererer til som fransk.)

///

ENGLISH:
I am on a constant hunt after inspiring adds, and someone whos really inspiring is the French label April 77. Dig their concept and style. Just our taste of music that doesnt match completely.
(And why the runes? Not quite what I reffer to as French.)










Share/Bookmark

bloglovin

TILBAKE...

...og inspirert!
Det har blitt ei stund sidan forrige innlegg. Aiaiai. Slutten av april faktisk, men somarmånadane har på ingen måte vore late for min del. Som sagt i forrige innlegg var eg så heldig til å bli valt ut for å vise ein kolleksjon under MOMENT Society Fashion or Art Event. Dette skulle i utgangspunktet skje i mai, men til min store lettelse blei det flytta til september.

Som bunadtilverkar var høgsesongen på bristepunktet i mai. Samstundes hadde vi i Sidserk Systue siste intesne innspurt av kurs(Nybegynnar sykurs, bunadkurs og teiknekurs) kvar kveld fram til juni.

Sykurs i full sving

Parallelt med bunader og kurs jobba eg med ein brudekjole som eg skulle levere i midten av juni. Resultatet blei ein elegant og unik kjole til vakre Kristine Billington.

I slutten av juni gjekk 10 dagar til FERIE - eit heller ukjent begrep i mitt ordforåd. Det tok eit par dagar før eg skjønte korleis eg gjer det. Ferierer altså. Fekk dreisen på det til slutt. Superdeilig!

Ingenting er som å vere hos mamma i Spania.

Juli var tilbake til bunadsaum, planlegging av kolleksjon til Moment og ein del jobbing på mitt "avbrekkarbeid" på BLÅ - som forresten er verdas beste utestad. Og ja, det gløymde eg nesten, eg har også starta eit samarbeid med eit firma som ynskjer å utvikle smykker saman med meg. Meir kan eg ikkje sei om det akkurat nå.

August kom og som kvart år kom også Øyafestivalen på den tida. Var du der? Då er det fullt mulig eg var den som knipsa på deg armbandet ditt. Eg jobba nemleg i billettboda. Det er ein FRYD å arbeide som frivillig på Øya. Eg anbefaler på det sterkaste!

Siste halvdel av august satte kurssesongen i gang igjen for fullt på systua med 5 kurs i veka. Samstundes skulle eg levere to broderte bunadskjorter, ein heil herrebunad og sy opp 13 antrekk til Moment som skulle skje i Tallinn 16. september. Phu! Intenst, men så moro!! Det kjem garantert bilete frå Tallinn etterkvart. Her er ein snik-kikk:




Til slutt:
Å jobbe som klesdesignar er altså langt i frå berre å teikne klede. Det finnes få begrensningar for kva ein kan jobbe med og tjene på. For ja, eg - som alle andre - må tjene pengar for å overleve. Det er ei ærleg sak. Og tru det eller ei, eg lir ingen nød. Det einaste eg slit med er å slutte å arbeide når alle andre sluttar på jobb kl 16. Dette er ei frivillig svakheit, fordi eg arbeidar med det som er mi store lidenskap. Dette er det eg vil. Dette er jobben min. Det er altså ingen grunn til å syns synd på meg.

Grunnen til at eg er så "heldig" som får gjere det er rett og slett berre fordi eg har valt det sjølv. Ikkje fordi nokon har servert det til meg på sølvfat. Det eg gjer i dag er rein fortjeneste av eigen innsats og arbeid - ja, ALLE kan gjer det eg gjer. Det er altså heller ingen grunn til å vere sjalu på meg.


Det som er unikt med meg er at eg har ein familie som støtter meg utan unntak og at eg har vener som stiller opp for meg uansett kor sjelden me møtes. Dei syns verken synd på meg for at eg ikkje har ein "ordentlig jobb" eller er sjalu på meg for at eg arbeider når eg vil og med det eg vil. Dei er trufaste og ekte. Det er unikt det.

 

Share/Bookmark

bloglovin

Siri - BLACK RAT

Siri - BLACK RAT

25, Sveio

Siri is the designer of the clothing brand Black Rat.








This blog is her online inspiration book where she shares her inspiration sources in
FASHION, PHOTOGRAPHY, ART and MUSIC.
As well as posting news about her own design,
BLACK RAT. Feel free to check it out and don't hesitate to leave a comment about what you think!

twitter bloglovin

Arkiv

hits