Random

TILBAKE...

...og inspirert!
Det har blitt ei stund sidan forrige innlegg. Aiaiai. Slutten av april faktisk, men somarmånadane har på ingen måte vore late for min del. Som sagt i forrige innlegg var eg så heldig til å bli valt ut for å vise ein kolleksjon under MOMENT Society Fashion or Art Event. Dette skulle i utgangspunktet skje i mai, men til min store lettelse blei det flytta til september.

Som bunadtilverkar var høgsesongen på bristepunktet i mai. Samstundes hadde vi i Sidserk Systue siste intesne innspurt av kurs(Nybegynnar sykurs, bunadkurs og teiknekurs) kvar kveld fram til juni.

Sykurs i full sving

Parallelt med bunader og kurs jobba eg med ein brudekjole som eg skulle levere i midten av juni. Resultatet blei ein elegant og unik kjole til vakre Kristine Billington.

I slutten av juni gjekk 10 dagar til FERIE - eit heller ukjent begrep i mitt ordforåd. Det tok eit par dagar før eg skjønte korleis eg gjer det. Ferierer altså. Fekk dreisen på det til slutt. Superdeilig!

Ingenting er som å vere hos mamma i Spania.

Juli var tilbake til bunadsaum, planlegging av kolleksjon til Moment og ein del jobbing på mitt "avbrekkarbeid" på BLÅ - som forresten er verdas beste utestad. Og ja, det gløymde eg nesten, eg har også starta eit samarbeid med eit firma som ynskjer å utvikle smykker saman med meg. Meir kan eg ikkje sei om det akkurat nå.

August kom og som kvart år kom også Øyafestivalen på den tida. Var du der? Då er det fullt mulig eg var den som knipsa på deg armbandet ditt. Eg jobba nemleg i billettboda. Det er ein FRYD å arbeide som frivillig på Øya. Eg anbefaler på det sterkaste!

Siste halvdel av august satte kurssesongen i gang igjen for fullt på systua med 5 kurs i veka. Samstundes skulle eg levere to broderte bunadskjorter, ein heil herrebunad og sy opp 13 antrekk til Moment som skulle skje i Tallinn 16. september. Phu! Intenst, men så moro!! Det kjem garantert bilete frå Tallinn etterkvart. Her er ein snik-kikk:




Til slutt:
Å jobbe som klesdesignar er altså langt i frå berre å teikne klede. Det finnes få begrensningar for kva ein kan jobbe med og tjene på. For ja, eg - som alle andre - må tjene pengar for å overleve. Det er ei ærleg sak. Og tru det eller ei, eg lir ingen nød. Det einaste eg slit med er å slutte å arbeide når alle andre sluttar på jobb kl 16. Dette er ei frivillig svakheit, fordi eg arbeidar med det som er mi store lidenskap. Dette er det eg vil. Dette er jobben min. Det er altså ingen grunn til å syns synd på meg.

Grunnen til at eg er så "heldig" som får gjere det er rett og slett berre fordi eg har valt det sjølv. Ikkje fordi nokon har servert det til meg på sølvfat. Det eg gjer i dag er rein fortjeneste av eigen innsats og arbeid - ja, ALLE kan gjer det eg gjer. Det er altså heller ingen grunn til å vere sjalu på meg.


Det som er unikt med meg er at eg har ein familie som støtter meg utan unntak og at eg har vener som stiller opp for meg uansett kor sjelden me møtes. Dei syns verken synd på meg for at eg ikkje har ein "ordentlig jobb" eller er sjalu på meg for at eg arbeider når eg vil og med det eg vil. Dei er trufaste og ekte. Det er unikt det.

 

Share/Bookmark

bloglovin

28.des.2010



Two jumps in a week,
I bet you think that's pretty clever don't you boy?
Flying on your motorcycle,
watching all the ground beneath you drop
You'd kill yourself for recognition,
kill yourself to never, ever stop
You broke another mirror,
you're turning into something you are not

Don't leave me high, don't leave me dry

("High and Dry" by: Radiohead)


NORSK:
Det er snart årskifte og på tide å få ned foresetta. Eller berre førebu nyttårsfeiringa. Godt 2011, folkens!

///

ENGLISH:
We soon enter a new year and its time to write down all your new year promises. Or just prepare your new years eve celebration. Happy 2011, folks!

 

 

 

Share/Bookmark

bloglovin

WILL COME BACK STRONG IN WEEK 27



NORSK:
Beklager på det sterkaste mitt fråver frå bloggen i det siste. Men vanker litt utanom rutinene om dagen. Det skjer så mykje! Eg lovar å at eg kjem sterk tilbake med ekstreme mengder inspirasjon frå mandag(5. juli) av, altså veke 27. Yes, det blir bra!

///

ENGLISH:
Sorry for my lack of blogger absence the last week. But have been buzzin outside of my routines lately. A lot of things happening! I promise to get back with shit loads of new inspiration from next monday(5th of June) on, that means week 27. Yes, see you then!


English VS. nynorsk

NORSK:
Etter mykje om og men har avgjerda fallt på å byrje å blogge på begge språk frå nå av. Altså nynorsk og engelsk.
Håpar dykk alle hadde ei fin påske!


ENGLISH:
After alot of forth and back I have decided to start bloging on both languages from now on. Which means both Norwegian and English.
Hope you all had great easter holidays!


bloglovin Share/Bookmark

Here we go again...

Høyrer på: "The Blowers Daughter" - Damien Rice

Okei, eg prøvar igjen. Frå å vingle over i ei engelsk verd i forsøk på å lage ein litt "kulare" blogg, er eg tilbake til mitt tredjespråk, nynorsk. Trygt og greit, og kjens rett.


Litt om meg og min religion:

Per i dag er eg ein 7 mnd og 28 dagar gammal klesdesigner. Ganske fersk med andre ord. Men har på tross av det opplevd ein heil del etter lykkens dag - 19. juni, 2009 (Då eg vart ferdigutdanna klesdesignar frå ESMOD Oslo)

Å skape klede har vore ein naturleg del av livet mitt så lenge eg kan hugse, derfor var det ein sjølvfølge at eg skulle studera klesdesign så fort eg var gammal nok til det. Det er ikkje eit særleg vanleg yrke har eg forstått, så eg får ganske mange spørsmål rundt nettopp det å vere klesdesignar. Korleis, kvar, kven, kva, kvi,kve,kvo.. ?

På ESMOD fekk me veldig god innsikt i den harde kvardag til ein klesdesignar gjennom oppgåvene me hadde der. Hausten 2006 starta me i ein klasse på omtrent 60 stykker og i juni 2009 var vi 24 igjen som tok siste eksamen. Ein bør vere klar for å jobbe hardt for å utvikle seg sjølv som designar. Interessen for klede må strekke seg mange mil forbi det å vere glad i å shoppe på salg og se finfin ut på lørdagskvelden. Ein må vere klar for å skifte syn på klede i den forstand at ein ikkje lenger ser ein kjole i butikkvindauget, men 8 mønsterbitar i silkechiffon, usynleg glidelås i sidesaumen og rullesaum i nerekant.

Eg byrja å arbeide med klesdesign og modelisme på fulltid i byrjinga på januar i år. Eg lev av å levere tekniske teikningar og skjema til produksjon for butikken House of Singles og å sy bunader for Noregs beste systue, Sidserk systue.
Men det aller kjekkaste eg gjer er det som skjer utanom pengeinntjeninga - ein flunkande ny kolleksjon er under utvikling under merket.... Det kan eg ikkje sei heilt enno(*knis*) Men det kjem!


De er forresten velkomen til å sjekke ut avgangskolleksjonen min imens: www.siri-sh.com

Siri - BLACK RAT

25, Sveio

Siri is the designer of the clothing brand Black Rat.








This blog is her online inspiration book where she shares her inspiration sources in
FASHION, PHOTOGRAPHY, ART and MUSIC.
As well as posting news about her own design,
BLACK RAT. Feel free to check it out and don't hesitate to leave a comment about what you think!

twitter bloglovin
















































































































































































































































































































































































































































































hits